Brattvåg  Rotaryklubb
Medlemsbrev nr.2,  2002/2003

 

November, desember og januar
President Magne Lundemo

 

Redaksjonskomite:
Endre Sandnes, Bjørn Johnsen, Njål Remmereit, Torleif Marken
og Hallvard Ulstein

 

Møte 29.10.02

Denne kvelden var det vår ”nye” flyktningkonsulent Marit Gaustad, som var på besøk.

Gaustad, som er lærar av utdanning, var Haram sin første flyktningkonsulent i 10 år frå 1988. Siste åra har ho vore lærar i Skodje kommune, før ho no i august igjen begynte som flyktningkonsulent i Haram.

Ho tok innleiingsvis føre seg nokre tal for å illustrere asyl- og flyktningsituasjonen, både i landet og Haram spesielt.  På landsbasis kom det i år t.o.m. september 13200 asylsøkjarar, ca. halvparten av desse kjem frå land i Europa, t.d. Bulgaria, Jugoslavia, Russland og Kroatia og resten er vesentleg frå Afrika og Asia.  Av desse var det berre 292 som fekk politisk asyl i 2001, mens ca. 4000 fekk opphald på såkalla humanitært grunnlag.  Altså blir ca. 55 % returnert.

Gaustad meinte at den lange asylsøkjarperioden, tida frå ein flyktning kjem til landet og til saka er avgjort, skaper mykje problem.  Denne tida bør kortast ned og effektiviteten i heimsendinga aukast.  Med menneske/familiar frå ulike nasjonar og religionar og vidt forskjellige bakgrunn ”stua” saman på asylmottak i relativt land tid, så er det kanskje ikkje så rart at det blir ein del vanskar.

Haram har ikkje asylmottak, det næraste no er på Vigra.  Haram har såleis berre slike som har fått opphaldsløyve, såkalla

busettingsflyktningar. I ein 5 års integreringsperiode betalar staten

kommunen sine utgifter til flyktningane.  Etter den tid er det meininga at flyktningane skal klare seg sjølve.  Dette har gått bra i Haram, meinte Gaustad, som legg stor vekt på å skaffe dei arbeid så snart som råd.  Mange av dei har kjøpt eller bygd seg hus, og dei har innordna seg godt i samfunnet.  Pr. i dag er det 59 flyktningar på integrering i Haram, og her er  i alt 320 utanlandske statsborgarar i kommunen.  Mange av dei første flyktningane er alt blitt norske statsborgarar, noko dei kan bli etter 7 år, på visse vilkår.  Gaustad gav uttrykk for at arbeidet hennar er både givande og vanskeleg, og at ho kanskje var litt naiv i førstninga, men ho har lært med tida, både å gjennomskode enkelte sine opplysningar og å setje enkelte ”på plass”.  Ikkje alle flyktningar er like enkle å ha med å gjere, men dei fleste er snille og høflege.

Undervegs og i etterkant var det mange spørsmål og meinings-ytringar, og det er sjeldan denne forsamlinga er så engasjert.  Alt i alt ein opplysande og interessant kveld med ein engasjert flyktningkonsulent.

Th.M.

MØTE  05.11.02

 I presidentens fråvær var det visepresident Harald som hadde kveldens regi.  Han kunne opplyse at Øyvind og Eldar hadde hatt fødselsdag

sidan forrige møte.  Elles hadde han nokre små klubbsaker før han gav ord og bilete til Øyvind som i sommar hadde hatt ein tre vekers tur til Canada for m.a. å besøkje dottera Tonje og komande svigerson.

Øyvind gav først eit lite omriss av Canada.  Det er verdas nest største stat i landareal, med berre ca. 30 mill. menneske.  Dei første som kom til Canada var mongolske stammar, og seinare kom eskimoar som kryssa Beringstredet, og også vikingane hadde ein gjeste-opptreden her (Vinland).

Den første koloniseringa i moderne tid stod franskmennene for.  Dei kom på 15-1600 talet, og dei grunnla dei seinare så kjente byane Quebec og Montreal.  Det var særleg området kring St. Lawrenceelva dei konsentrerte seg om.  Seinare kom engelskmennene, og etter mykje strid og krig fekk engelskmennene herredømme, og landet vart engelsk koloni med sentrum i Ontario-området.  I 1867 vart Canada sjølvstendig stat med eiga grunnlov, men framleis som ein del av det britiske samveldet, og framleis er den britiske dronninga statsoverhovud.

I Quebec-provinsen som er sterkt franskvennleg, har det fleire gonger kome forslag om lausriving frå Canada for å opprette ein fransk stat, med dette har hittikkje ført fram.

På 1900 talet var det stor immigrasjon til Canada, vesentleg frå europeiske land, og spesielt var skandinavar velkomne.  Det var fri innvandring til 1953.

Hovudstaden i Canada er Ottawa, men største byen er Toronto, med ca 4,2 mill.  Montreal er også ein storby, den største franske etter Paris, men i realiteten er den to-språkleg då dei fleste snakkar både fransk og engelsk.  Språket i Canada fordeler seg med 61 % engelsk, 21 % fransk og 15 % andre.  46 % er katolikkar, 35 % protestantar og 19 % andre.

Øyvind tok oss så med på ein rundtur i Canada i ord og bilete, særleg konsentrert om Toronto og Montreal, men også byen Peterborough der Skodje-bedrifta Odim har filial og der den komande svigersonen Jarle Ødegård arbeider.

Besøk i Algonqiun nasjonalpark på 7000 kvadratkilometer hadde vore ei stor oppleving for Øyvind og Kari, og der kano var det beste framkomstmiddelet.

Det nyttar ikkje å gjengje alt som vart fortalt og vist bilete av, men særleg merka vi oss Olympiastadion og St. Joseph-katedralen i Montreal.  På sin tur i Canada hadde dei også fått tid til ein tre dagars avstikkar til USA og Chicago, og Niagara Falls på grensa. 

Alt i alt ein interessant og lærerik kveld.

 Th.M

 
MØTE  12.11.02

5 biler med Rotarianere reiste til Tenfjord til bedriftsbesøk ved Rolls-Royce Marine avd. Tenfjord hvor vi ble mottatt av Arild Blankholm som er såkalt ”Site mgr” eller plass sjef for Tenfjord, Frydenbø utenfor Bergen og Hareid som produserer bl.a. ror og bulktanker. 

Til kaffe og småkaker fikk vi først et historisk tilbakeblikk av Tenfjord mek., som ble startet opp i 1899 av Johan Tenfjord med mangslungne aktiviteter som utstyr til meieri, sirkelsager, reparasjon av seperatorer og telefoner.


     Det var en lydhør  forsamling

J.T. reiste til Danmark for å lære om motorer, og begynte deretter med reparasjon av motorer.  Senere var han innom garn og linespill, for så å lage egendesignet motor med ytelse på ca. 5 hk.  Kabelkraner og

3-veistipp var andre produkter, men i -52/53 startet han med styremaskiner og har siden dette levert mer enn 20000 maskiner til alle slags båter av de såkalte Rotary Vane Type fra Tenfjord og Frydenbø fabrikkene.

Vi fikk så en presentasjon av dagens produktprogram og organisering, før vi hadde omvisning på fabrikken.  Aktivitetene er organisert i en OU (Operaton Unit) som skal utvikle og fremskaffe produktene, og en CFBU (Custom Facing Business Unit) hvor salg & markedsføring, prosjektledelse og engineering & dokumentasjon gjøres og hvor resultatene skal genereres.

Det var en detaljerik og interessant kveld for de fleste.

 

B.J.

 

 MØTE  19.11.02

President Magne opna møtet, og Han kunne opplyst at vi hadde hatt 4 åremålsdagar sidan siste møte.  Det var Endre 8.11, og så var det Brattvåg, Rolf H. og Jostein den 11.11.

Kveldens  hovudpost var Knut Uksnøy (den drivande kraft i Brattvåg Småbåtforeining) som fortalte at småbåtforeininga no har ca. 200 medlemmar.  Eit viktig arbeid for foreininga er opplæring om båt og sjø.  Foreininga har no kurs i gang både for båtførarprøven og for fritidsbåtskippersertifikat.

Knut gjekk ein del inn på kva som er krava til dei to bevisa/sertifikata, men det vil føre for langt å gå i detalj om her.  Dei som er interessert blir oppfordra til å melde seg på kurs, for Knut trudde at det snart vil kome kvalitetskrav til det å kunne føre dei fleste slags båtar.

 Etter at Knut var ferdig fekk varabrannsjef Eldar S. sleppe til med si oppleving av brannen om bord i KNM ”Orkla” i fjorden rett utanfor Brattvåg same dag.  Mykje gjekk svært godt i arbeidet på brannstaden, men han sakna klarere komandolinjer.  Dette var eit høgaktuelt innslag på klubbkvelden, og Eldar fekk mange spørsmål om ulike sider ved hendinga.

 Th.M

MØTE  26.11.02

 President Magne opna kveldens møte med å opplyse at Oddmund D hadde fylt 70 år den 23 november og at Olav G hadde hatt bursdag den 24 november.

Kveldens hovudprogram var vinsmaking i regi av Øyvind.  Dette var tydelegvis noko som mange hadde førebudd seg på, for det var knapt ein bil å sjå på parkeringsplassen utanfor møtelokalet.

Øyvind og kameratskapskomeitéen hadde sytt for fire vinglass til kvar kuvert pluss eit glas for ”Villa Landsverk”.

Øyvind fortalte innleiingsvis litt om druesorter, og kva ein må vurdere ved vin, som farge, smak og lukt.

Og så gjekk vi til verket.  Først var det ein australsk Cabernet Savignon, deretter ein spansk vin Temporillo frå Rioja, ein reserva-vin.  Den neste var fransk vin frå Pinot Noir-drua, og til slutt var det Syrah-drua i ein vin frå Argentina.

Som kjent er det vanskeleg å bedømme”smak og behag” og vi skal difor ikkje gå nærare inn på vurdering av dei einskilde vinane.  Men det vi kan slå fast var at Øyvind hadde fulltreff på programmet, og at forsamlinga GJEKK heim med smil om munnen.

Th.M.

 MØTE  03.12.02

Ingen ”bursdag” denne dagen.  Presidenten kunne melde at Perry var komen på sjukehus.  Han refererte dessutan skriv frå distriktet vedk. oppdatering av matrikkelen.  Det var fritt møte, men Tor fekk ordet vedk. rekruttering av nye medlemmer, særleg bør talet på kvinner aukast.  Vi tek sikte på å ta inn minst 4 nye medlemar.

 H.U.

MØTE  10.12.02

Dagens hovedpost var presidentens møte.

Presidenten refererte først fra brev som klubben hadde fått fra St. Petersburg Rotaryklubb.

St. Petersburg feirer 300 års jubileum i år og St. Petersburg Rotaryklubb feirer 10 års jubileum.  Klubben jobber med et prosjekt om informasjon om Rotary i Russland.

Ellers minte presidenten om målsettingen vedr. Polio Pluss om å gi kr. 500,-/medlem. Polio Pluss skal avsluttes i 2005.

Det ble videre orientert fra distriktssamlingen på Stiklestad som var svært trivelig, med mye god mat og underholdning.

Hovedtema for presidenten møte var 100 års jubileum for Rotary i 2005 og hvilke prosjekt Brattvåg Rotaryklubb skal bidra med.

Skal det være et lokalt prosjekt eller skal det ha mer internasjonalt tilsnitt?  Komitéen som er oppnevnt i forbindelse med 100 års-jubileet fikk mange gode forslag å jobbe videre med.
E.S.

 MØTE  17.12.02

 Presidenten ønsket velkommen til årets julemøte.

Sindre viste bilder og fortalte om de to siste års høstturer og fisketuren i midten av juni..

Det ble servert kaffe og julekaker på tradisjonell vis og noen av julesangene ble sunget.

 MØTE  07.01.03
Presidenten startet med å ønske alle medlemmer Godt Nytt År!

Arne T hadde åremål denne dagen.

Presidenten kunne melde at Rolf R kunne tenke seg å arrangere kurs i Leiing/Økonomi og gi overskuddet til Rotary.

Dagens hovedpost:  Mi julebok.

Første mann ut var Rolf R, og han tok for seg boken ”Ona fyr” av Ingebrigt Steen Jensen.

Boken er tilegnet de som ønsker å lykkes i å skape noe sammen med andre. Rolf trakk fram mange eksempler på suksesshistorier der det i lagspill for eksempel handler om å gjøre hverandre gode.

Rosenborg med trener Nils Arne Eggen er et godt eksempel på dette.

Andre sentrale punkter i boken ble trukket frem uten at Rolf ville avsløre for mye av innholdet.  Rolf ville heller ikke avsløre hvorfor boken heter ”Ona fyr”, for dette ville han overlate til hver enkelt som ønsket å lese boken å finne utav.

Neste mann var Thorleif M, som startet med å si at jule-/nyttårs-tiden er en god tid for den som liker å lese.  Dette var det ikke vanskelig å se, for han hadde med seg  6-8 forskjellige bøker som han beskrev mer eller mindre inngående. Thorleif  er en ivrig fjellturgåer og har også stor interesse for lokalhistorie, og utvalget av bøker bar selvsagt preg av det.  Blant annet var der bøker fra kulturhistoriske lag som Hamsund Sokn, Vestnes Kulturhistoriske lag og fra Romsdalsmuseumet – Molde Gård.

E.S.

 MØTE  14.01.03

 Presidenten åpnet med å ønske Tove 

og Johan vel overstått den 13.01 og den 09.01.
Orienteringssaker:  Det ble orientert om leierkurs ved Rolf R. For hver deltaker som Rotary skaffer, får klubben Kr. 1.000,- i klubbkassen. 

 

 

 Klubben får utvekslingsstudent fra Australia i slutten av måneden.

Dagens hovedpost:
Nåværende strømpris v/Rolf Arne.
Rolf Arne åpnet med å si at informasjonssjefen i Tafjord Kraft var helt utslitt om dagene, men heldigvis hadde fotballagent Berit Riise overtatt alle spørsmål fra aviser og TV noen dager i forbindelse med overgang for sønnen som fotballspiller, fra AaFK til en engelsk klubb.
Rolf Arne fortalte som vanlig detaljert og engasjert om siste ukers høye strømpriser
  enten som fastpriser eller spotpriser.
Rolf Arne sammenlignet dagens strømpriser med prisen på sigaretter, og i oktober var strømprisen i gjennomsnitt kr 42,50/dag for en gjennomsnitt forbruker, og en 20 pakning sigaretter koster over det om du røyker det pr. dag.
Rolf Arne anbefaler alle i dag å ligge på spotpris og ikke gå inn på fastprisavtale med de tilbud som gies i dag.
  I Tafjord Kraft sitt område er det i dag nok vannreserver i magasinene til snøsmeltingen starter på våren.  Det ble som vanlig mange spørsmål som Rolf Arne parerte bra, og han kunne fortelle at 90 % av abonnentene godtar uten videre den lokale leverandør, mens de resterende 10 % orker å shoppe i kraftmarkedet.

 E.S.

MØTE  21.01.03
Presidenten ønsket velkommen til fritt møte.
Tor orienterte om verving av nye medlemmer, og det var kommet inn mange forslag.
  Målsettinga er å få inn 4 nye medlemmer, med vekt på kvinnelige representanter.
Hjørdis orienterte om vårprogrammet.
  Thorleif var ikke ferdig med bokanmeldelsene sine fra møtet den 07.01 og avsluttet med følgende sitat fra en av bøkene:

”Blant alt søppel som holder liv i tabloidpressen, hører
absurbe statistikker og gallupundersøkelser til det mest illeluktende”.
  I dag kunne Dagbladet meddele at det var ”mindre brystkreft blant skilte og enslige”!  Spørsmålet både til ”forskningen” og avisen er: Hva så? Er det en oppfordring til kvinner om å skille seg, og til jomfruer om å forbli i sin stand – for å unngå brystkreft? Leste vi ikke forleden at gamle jomfruer var mer utsatt for underlivskreft? Kvinnenes dilemma blir da i hvilken ende de vil risikere å rammes av dødsårsaken.

ES

MØTE  28.01.03

 

Kveldens begivenhet var vårt første møtet med Stacey Caddy som er vår klubbs utvekslingsstudent i år.

Leif fylte 70 år den 23.01 og Rolf Arne fylte dag den 24.01

Ivar F har opprettet hjemmeside for Brattvåg Rotary.  Adressen er http://www.rotary.no/brattvag

Øyvind introduserte deretter Stacey.
Stacey kommer fra en dal litt nord for Melbourne i Australia.
  Hun er 16 år gammel og har basketball og musikk som interesser.  Hun hadde hatt sin første skoledag på Haram videregående skole denne dagen, og hun har korrespondert via e-mail med noen av elevene før hun kom til Brattvåg.  Far til Stacey er brannsjef og leder nå sløkkingen av noen av de store brannene som herjer i Australia.  Disse ligger ca. 4 timers kjøring nord for Melbourne.  Noe som overasket Stayce da hun kom til Norge, var at man kunne røyke på offentlige steder/restauranter og på alle skoler.  Hvis man røyker på skoler i Australia, blir man utvist i 5 dager.Kanskje ligger ikke Norge blant de fremste når det gjelder røykelover likevel?

ES. 

 Overrekkelse av banner fra klubben til Stacey til President Magne