"Før jeg forsvinner" ved Ingebrigt Steen Jensen
Møtet var flytta til Ingebrigt Davikhuset for å høyre på Ingebrikt S. Jensen fortelje om demenssjukdommen sin. Gjennom bruk av både skjemt og alvor tok han oss med på ei rørande og alvorleg sjukdomshistorie til ettertanke for eit lydhørt publikum.13. februar 2024
Bedriftsbesøk på Nogva
I kveld var vi på omvisning hos Nogva Motorfabrikk i Søvik. Kjell Norvoll tok oss med på ei reise frå oppstart i 1913 og fram til i dag. Nogva er ei fantastisk bedrift med ei imponerande utvikling. Tusen takk for at vi fekk komme!
30. januar 2024
Dugnad - ferdigmontering av bileta til omsorgssentra
Møtet vart via til ferdigstilling av bilder som skal hengast opp på Haram Omsorgsenter og Eidet Omsorgsenter.
Stort engasjement av medlemmane i klubben.
Marthe Fjørtoft frå Haramsnytt var også tilstades i samband med ein reportasje om prosjektet.
22. januar 2024
Demensteamet i Haram
Ann Cathrin Nyhammer og Sølvi Barstad informerte oss om arbeidet sitt i Demensteamet i Haram. Vi fekke lære både om demenssjukdommen(e) og om korleis dei arbeider med desse pasientene. Interessant og nyttig lærdom av to engasjerte damer!