Brattvåg svømmeklubb - ein ny giv
Brattvåg svømmeklubb har det siste året fått ein ny giv med mange nye medlemmer og stor aktivitet. Representantar frå styret og dei aktive fortalde om klubben og dei ulike aktivitetane dei har, t.d. svømmeopplæring, konkurransesvømming og familiebading.13. februar 2024
Bedriftsbesøk på Nogva
I kveld var vi på omvisning hos Nogva Motorfabrikk i Søvik. Kjell Norvoll tok oss med på ei reise frå oppstart i 1913 og fram til i dag. Nogva er ei fantastisk bedrift med ei imponerande utvikling. Tusen takk for at vi fekk komme!
30. januar 2024
Dugnad - ferdigmontering av bileta til omsorgssentra
Møtet vart via til ferdigstilling av bilder som skal hengast opp på Haram Omsorgsenter og Eidet Omsorgsenter.
Stort engasjement av medlemmane i klubben.
Marthe Fjørtoft frå Haramsnytt var også tilstades i samband med ein reportasje om prosjektet.
22. januar 2024
Demensteamet i Haram
Ann Cathrin Nyhammer og Sølvi Barstad informerte oss om arbeidet sitt i Demensteamet i Haram. Vi fekke lære både om demenssjukdommen(e) og om korleis dei arbeider med desse pasientene. Interessant og nyttig lærdom av to engasjerte damer!