Brattvåg IL sitt nye klubbhus

Brattvåg IL har i mange år planlagt nytt klubbhus No er det godt håp om å få realisert planane etter at private investorar har kome på bana. Leiar i byggjenemnda, Arne Vågnes, presenterte både dei nye teikningane og finansieringsplan.

Ein har no søkt Haram kommune om å dekke ein tredel av kostnadeane slik kommuna har gjort i lang tid, seinast 

Norborghallen i Søvika og IL Ravn sitt nye klubbhus på Vatneeidet.


 
Årsfest i Brattvåg Rotaryklubb

1. mars 2024

Årsfest i Brattvåg Rotaryklubb

Årsfesten gjekk føre seg på Brattvåg Fjordhotell med heile 52 gjestar. Trerettars middag med god underhaldning skapte god stemning ved bordet.
Jorun U. Fjørtoft og Bjørn Sandnes vart tildelt Paul Harris medalje og Roar Sperre vart tatt opp som ny medlem

Bedriftsbesøk på Nogva

13. februar 2024

Bedriftsbesøk på Nogva

I kveld var vi på omvisning hos Nogva Motorfabrikk i Søvik. Kjell Norvoll tok oss med på ei reise frå oppstart i 1913 og fram til i dag. Nogva er ei fantastisk bedrift med ei imponerande utvikling. Tusen takk for at vi fekk komme!

Dugnad - ferdigmontering av bileta til omsorgssentra

30. januar 2024

Dugnad - ferdigmontering av bileta til omsorgssentra

Møtet vart via til ferdigstilling av bilder som skal hengast opp på Haram Omsorgsenter og Eidet Omsorgsenter.
Stort engasjement av medlemmane i klubben.
Marthe Fjørtoft frå Haramsnytt var også tilstades i samband med ein reportasje om prosjektet.

Demensteamet i Haram

22. januar 2024

Demensteamet i Haram

Ann Cathrin Nyhammer og Sølvi Barstad informerte oss om arbeidet sitt i Demensteamet i Haram. Vi fekke lære både om demenssjukdommen(e) og om korleis dei arbeider med desse pasientene. Interessant og nyttig lærdom av to engasjerte damer!