"Mama Clara Norge" v/ Erna Rogne
I kveld fekk vi besøk av Brattvågaren Erna Rogne som i 2009 starta opp organisasjonen Mama Clara Norge for å hjelpe barn i Peru. Det har blitt 18 turar til Peru. Med sin ståpåvilje har har Erna m/hjelparar bidratt til å endre skjebnen til mange barn.
Saman med andre Rotaryklubbar på Sunnmøre fekk ein redda ein barneheim frå å verte stengt og samstundes oppgradert både kjøkken og bad. Dei siste åra har Solevåg skule på Sula vore ein god støttespelar med å sørge for utstyr og hjelp til desse barna.
Vi er mektig imponert over det arbeidet Erna har lagt ned for denne barneheimen!
Du kan lese meir om dette på facebooksidene deira https://www.facebook.com/groups/mamaclaranorge
13. februar 2024
Bedriftsbesøk på Nogva
I kveld var vi på omvisning hos Nogva Motorfabrikk i Søvik. Kjell Norvoll tok oss med på ei reise frå oppstart i 1913 og fram til i dag. Nogva er ei fantastisk bedrift med ei imponerande utvikling. Tusen takk for at vi fekk komme!
30. januar 2024
Dugnad - ferdigmontering av bileta til omsorgssentra
Møtet vart via til ferdigstilling av bilder som skal hengast opp på Haram Omsorgsenter og Eidet Omsorgsenter.
Stort engasjement av medlemmane i klubben.
Marthe Fjørtoft frå Haramsnytt var også tilstades i samband med ein reportasje om prosjektet.
22. januar 2024
Demensteamet i Haram
Ann Cathrin Nyhammer og Sølvi Barstad informerte oss om arbeidet sitt i Demensteamet i Haram. Vi fekke lære både om demenssjukdommen(e) og om korleis dei arbeider med desse pasientene. Interessant og nyttig lærdom av to engasjerte damer!