Sport1 Brattvåg v/Per A. Johansen
Sport 1 Brattvåg starta opp for 23 år sidan og vart spådd ei dyster framtid. Dei har klart å gjere desse spå-dommene til skamme og har overlevd godt desse åra. Per Arne tok spesielt føre seg el- sykkel og utviklinga dei seinare åra på det området.
6. november 2024
Bedriftsbesøk hos AAPW i Eidsvika
Vi besøkte AAPW (Aalesund Protectiv Wear) i Eidsvika der vi ble godt motatt av dagleg leiar Peder Aakre og to av dei tilsette.
Firmaet leverer merkevarer (AAlesund oljeklede, Strakofa, Regatta, Blæst) og har eit stort varelager i Eidsvika med 6 tilsette.
23. oktober 2024
Brattvåg IL sitt nye klubbhus
Brattvåg IL har i mange år planlagt nytt klubbhus No er det godt håp om å få realisert planane etter at private investorar har kome på bana. Leiar i byggjenemnda, Arne Vågnes, presenterte både dei nye teikningane og finansieringsplan.
22. oktober 2024
Hjelp Rotary å utrydde polio nå!
24. oktober er verdas poliodag.
Så lenge det er i polio i verda, er det fare for spreiing, og derfor held vi i Rotary fram med å utrydde polio. Til det treng vi di hjelp.
Klubbane på Nordre Sunnmøre vil markere dagen med å lyse opp Fjellstua i raudt.
9. oktober 2024
Kommunalsjef Lill-Therese H. Eidsvik
Kommunalsjef for barnehagar og skule, Lill-Therese Eidsvik, fortalde litt om seg sjølv og sin bakgrunn, men mest om det viktige arbeidet med å byggje opp eit godt og berekraftig kommunalområde for barnehage og skule. Eit interessant og givande foredrag!
28. mai 2024
Kommunalsjef Kristin Fjeld-Eiken
Med ansvar for kommunalområde Plan Eigedom Landbruk Teknisk skal Kommunalsjef i Haram, Kristin Fjeld-Eiken saman med staben sin levere eit vidt spekter av lovpålagte tenester.
Vi møtte ein engasjert og kreativ kommunalsjef vi gler oss å følgje vidare.
11. april 2024
Støttekonsert for Ukraina
Saman med andre klubbar i området var Brattvåg Rotaryklubb med på å arrangere ein støttekonsert med eit kor frå Ukraina.
Ei fullsatt kyrkje fekk ei stor kulturell oppleving, der krigssituasjonen i Ukraina samtidig kom nært innpå oss som var til stades.
2. april 2024
Brattvåg svømmeklubb - ein ny giv
Brattvåg svømmeklubb har det siste året fått ein ny giv med mange nye medlemmer og stor aktivitet.
Representantar frå styret og dei aktive fortalde om klubben og dei ulike aktivitetane dei har, t.d. svømmeopplæring, konkurransesvømming og familiebading.
19. mars 2024
Inner Wheel v/Erna Johnsen
Erna Johnsen, president i InnerWheel Brattvåg, orienterte om klubben, distriktet og internasjonalt. Jobber med kvinnerelaterte saker lokalt og internasjonalt. Historie og utvikling gjennom 100 år.
6. mars 2024
"Før jeg forsvinner" ved Ingebrigt Steen Jensen
Møtet var flytta til Ingebrigt Davikhuset for å høyre på Ingebrikt S. Jensen fortelje om demenssjukdommen sin. Gjennom bruk av både skjemt og alvor tok han oss med på ei rørande og alvorleg sjukdomshistorie til ettertanke for eit lydhørt publikum.
1. mars 2024
Årsfest i Brattvåg Rotaryklubb
Årsfesten gjekk føre seg på Brattvåg Fjordhotell med heile 52 gjestar. Trerettars middag med god underhaldning skapte god stemning ved bordet.
Jorun U. Fjørtoft og Bjørn Sandnes vart tildelt Paul Harris medalje og Roar Sperre vart tatt opp som ny medlem