Pensjonistfesten på Kulturkaféen

Det ble ei triveleg stund for dei 84 pensjonistane som fann vegen til Kulturkaféen denne kvelden. Reidun og Tore slo an tonen i starten med lett gjenkjennelege melodiar for gjestane. Så gjekk det slag i slag med bevertning, loddsal og anna underhaldning.

Det ble servert deilige karbonadesmørbrød i tillegg til eit bugnande kakebord.

Else serverte artige rim der ho med eit sjølvironisk blikk skildra ulike utfordringar ved henholdsvis el-bilkøyring og strikkekafé.

Audun fortalde sanne historier om og med trønderske politikarar, også det med ei høgst munter slagside.

Leiarane for dei tre inviterte pensjonistlaga takka avslutningsvis for invitasjonen og for ei triveleg stund i lag.


 
Bedriftsbesøk på Nogva

13. februar 2024

Bedriftsbesøk på Nogva

I kveld var vi på omvisning hos Nogva Motorfabrikk i Søvik. Kjell Norvoll tok oss med på ei reise frå oppstart i 1913 og fram til i dag. Nogva er ei fantastisk bedrift med ei imponerande utvikling. Tusen takk for at vi fekk komme!

Dugnad - ferdigmontering av bileta til omsorgssentra

30. januar 2024

Dugnad - ferdigmontering av bileta til omsorgssentra

Møtet vart via til ferdigstilling av bilder som skal hengast opp på Haram Omsorgsenter og Eidet Omsorgsenter.
Stort engasjement av medlemmane i klubben.
Marthe Fjørtoft frå Haramsnytt var også tilstades i samband med ein reportasje om prosjektet.

Demensteamet i Haram

22. januar 2024

Demensteamet i Haram

Ann Cathrin Nyhammer og Sølvi Barstad informerte oss om arbeidet sitt i Demensteamet i Haram. Vi fekke lære både om demenssjukdommen(e) og om korleis dei arbeider med desse pasientene. Interessant og nyttig lærdom av to engasjerte damer!