Brattvågklubben på historisk grunn
Vi tok turen til Brandal og Hjørungavåg for å lære meir om ulike delar av vår felles historie. Besøka på hhv. Ishavsmuséet og Vikinghuset gav oss god innsikt både i fangstliv i Arktis og vikingekultur på Sunnmøre og ikkje minst; på fantastisk dugnadsånd.
Takk til Lars Sellereite som tok i mot oss i Brandal og som fortalde om fangstskutene som kvar vår gjekk frå Brandal til Ishavet og kom heim att med skuta full av fangst. Vi fekk gå ombord i ei av desse skutene, Aarvak, og bli orientert om det tøffe livet på desse turane.
Vi fekk også kome inn på muséet som i fire etasjar var fyllt med gjenstandar, minne og historier frå denne viktige næringa. Etterpå fekk vi lunsj med bacalao og selgryte på menyen - sjølvsagt.
Takk også til Ole Frank Bakken som tok i mot oss ved Vikinghuset i Hjørungavåg og som fortalde oss om prosjektet med bygginga av dette huset, frå tanken vart sådd til det no står nærast ferdig. Så langt mogleg, er det nytta 1000 år gamle byggeteknikkar på dette praktbygget. Det skal opnast i slutten av mai. Ei imponerande historie om ståpå-vilje og dugnadsinnsats frå bygdefolket!
13. februar 2024
Bedriftsbesøk på Nogva
I kveld var vi på omvisning hos Nogva Motorfabrikk i Søvik. Kjell Norvoll tok oss med på ei reise frå oppstart i 1913 og fram til i dag. Nogva er ei fantastisk bedrift med ei imponerande utvikling. Tusen takk for at vi fekk komme!
30. januar 2024
Dugnad - ferdigmontering av bileta til omsorgssentra
Møtet vart via til ferdigstilling av bilder som skal hengast opp på Haram Omsorgsenter og Eidet Omsorgsenter.
Stort engasjement av medlemmane i klubben.
Marthe Fjørtoft frå Haramsnytt var også tilstades i samband med ein reportasje om prosjektet.
22. januar 2024
Demensteamet i Haram
Ann Cathrin Nyhammer og Sølvi Barstad informerte oss om arbeidet sitt i Demensteamet i Haram. Vi fekke lære både om demenssjukdommen(e) og om korleis dei arbeider med desse pasientene. Interessant og nyttig lærdom av to engasjerte damer!