På besøk hos vaksenopplæringa

Det var ein stolt Nils Edmund Stråmyr, tenesteleiar for integrering i Hatam, som tok i mot oss i dei nyoppussa og flotte lokala til vaksenopplæringa. Dei held no til i dei gamle banklokala, som også i mange år var brukt av kommuneadministrasjonen.

Integreringslova har som mål å integrere utlendingar i det norske samfunnet gjennom å legge til rette for gode norskkunnskapar og kunnskap om norsk samfunnsliv. I dette ligg det også at dei etter kvart skal kome i arbeid og verte økonomisk sjølvstendige.

Det er dette Nils Edmund og kollegaene hans har som oppgåve å bidra til gjennom undervisninga si. Det er i dag flest elevar frå Ukraina, men her er også elevar frå mange andre land.

Dei nye lokala har vore eit stort løft for kommuna og gjer det mogleg for dei tilsette å drive tilrettelagt undervisning, alt etter språknivå og bakgrunn. 


 
Bedriftsbesøk på Nogva

13. februar 2024

Bedriftsbesøk på Nogva

I kveld var vi på omvisning hos Nogva Motorfabrikk i Søvik. Kjell Norvoll tok oss med på ei reise frå oppstart i 1913 og fram til i dag. Nogva er ei fantastisk bedrift med ei imponerande utvikling. Tusen takk for at vi fekk komme!

Dugnad - ferdigmontering av bileta til omsorgssentra

30. januar 2024

Dugnad - ferdigmontering av bileta til omsorgssentra

Møtet vart via til ferdigstilling av bilder som skal hengast opp på Haram Omsorgsenter og Eidet Omsorgsenter.
Stort engasjement av medlemmane i klubben.
Marthe Fjørtoft frå Haramsnytt var også tilstades i samband med ein reportasje om prosjektet.

Demensteamet i Haram

22. januar 2024

Demensteamet i Haram

Ann Cathrin Nyhammer og Sølvi Barstad informerte oss om arbeidet sitt i Demensteamet i Haram. Vi fekke lære både om demenssjukdommen(e) og om korleis dei arbeider med desse pasientene. Interessant og nyttig lærdom av to engasjerte damer!