Diskgolf i Brattvåg

Diskgolf er eit nytt prosjekt for å auke breidda i Brattvåg IL. Leiar Øyvind Lervåg informerte om ei bane med 12 hull som kan utvidast seinare og vil ligge i terrenget ved dagens idrettsanlegg. Anlegget er planlagt finansiert med dugnadar og støtte/gåver.

Han hadde med seg diskgolfentusiast Ben Døving som fortalde om sporten generelt og om sine eigne, gode erfaringar som diskgolfspelar. Sporten eignar seg særs godt som ein familieaktivitet, men er elles populær blant folk i alle aldrar. 

Bana er tenkt å starte ved Klubbhuset for derifrå å svinge seg rundt i området nord og aust for Haram VS før den går sørover til skogen aust og sør for grasbana.

Dette blir den fjerde diskgolfbana i Haram. Frå før finst det liknande anlegg på Lepsøya, Hildre og Eidet.



 
Årsfest i Brattvåg Rotaryklubb

1. mars 2024

Årsfest i Brattvåg Rotaryklubb

Årsfesten gjekk føre seg på Brattvåg Fjordhotell med heile 52 gjestar. Trerettars middag med god underhaldning skapte god stemning ved bordet.
Jorun U. Fjørtoft og Bjørn Sandnes vart tildelt Paul Harris medalje og Roar Sperre vart tatt opp som ny medlem

Bedriftsbesøk på Nogva

13. februar 2024

Bedriftsbesøk på Nogva

I kveld var vi på omvisning hos Nogva Motorfabrikk i Søvik. Kjell Norvoll tok oss med på ei reise frå oppstart i 1913 og fram til i dag. Nogva er ei fantastisk bedrift med ei imponerande utvikling. Tusen takk for at vi fekk komme!

Dugnad - ferdigmontering av bileta til omsorgssentra

30. januar 2024

Dugnad - ferdigmontering av bileta til omsorgssentra

Møtet vart via til ferdigstilling av bilder som skal hengast opp på Haram Omsorgsenter og Eidet Omsorgsenter.
Stort engasjement av medlemmane i klubben.
Marthe Fjørtoft frå Haramsnytt var også tilstades i samband med ein reportasje om prosjektet.

Demensteamet i Haram

22. januar 2024

Demensteamet i Haram

Ann Cathrin Nyhammer og Sølvi Barstad informerte oss om arbeidet sitt i Demensteamet i Haram. Vi fekke lære både om demenssjukdommen(e) og om korleis dei arbeider med desse pasientene. Interessant og nyttig lærdom av to engasjerte damer!