Når livet snur - kva gjer vi då?
Brattvåg Rotaryklubb inviterte til ope møte med temaet "Når livet snur - kva gjer vi då?". Norun Sønderland Nustad fortalde om si reise i samband med ein alvorleg kreftsjukdom medan Tanja Alme fortalde om arbeidet sitt som kreftkoordinator i Sula kommune.
Presidenten vår, Ewa Hildre, ønskte dei nærare 200 frammøte velkomen til dette møtet i storsalen i Ingebrigt Davik-huset. Ho nytta samstundes høvet til å presentere Brattvåg Rotaryklubb sine lokale prosjekt; Turvegen rundt Synnalandsvegen med Gapahuk, trimpark, ny bru over Gjersetelva, dugnadar i Bygdeparken og på Brattholmen, Bildeprosjektet (lokale bildemotiv til omsorgssentra m.fl.), Kulturpris og pensjonistfest.
Så fekk Norun Sønderland Nustad ordet og fortalde om livet sitt som kreftpasient. Ho fortalde om sjukdomsforløpet og rehabiliteringa i samband med diagnose, operasjon og cellegift- og strålebehandling. Ho leverte ei sterk skildring av eit liv med både opp- og nedturar, ikkje minst det siste. Mange av desse kom som resultat av uheldige bivirkningar av behandlinga. I dag er målet å kome tilbake til jobben sin i Sparebanken Møre i så stor grad som mogleg.
Andre del av programmet stod Tanja Alme for. Ho er utdanna sjukepleiar med spesialisering i palliativ (lindrende) behandling. Ho er tilsett i full stilling som kreftkoordinator i Sula kommune. Ho delte av si store erfaring med arbeidet sitt blant og for kreftpasientane. Ho ga oss eit interessant og godt innblikk i ein kvardag full av utfordringar, men også med mange gode tilbod og moglegheiter som finst der ute.
Siste del av kvelden var ein samtale mellom Norunn og Tanja der dei to utveksla erfaringar og opplevingar omkring denne alvorlege sjukdommen.
Brattvåg Rotaryklubb vil takke Norunn og Tanja for sine sterke bidrag til denne kvelden. Vi vil også takke sponsorane våre som gjorde dette mogleg og til slutt dei mange frammøtte som tok turen innom!
1. mars 2024
Årsfest i Brattvåg Rotaryklubb
Årsfesten gjekk føre seg på Brattvåg Fjordhotell med heile 52 gjestar. Trerettars middag med god underhaldning skapte god stemning ved bordet.
Jorun U. Fjørtoft og Bjørn Sandnes vart tildelt Paul Harris medalje og Roar Sperre vart tatt opp som ny medlem
13. februar 2024
Bedriftsbesøk på Nogva
I kveld var vi på omvisning hos Nogva Motorfabrikk i Søvik. Kjell Norvoll tok oss med på ei reise frå oppstart i 1913 og fram til i dag. Nogva er ei fantastisk bedrift med ei imponerande utvikling. Tusen takk for at vi fekk komme!
30. januar 2024
Dugnad - ferdigmontering av bileta til omsorgssentra
Møtet vart via til ferdigstilling av bilder som skal hengast opp på Haram Omsorgsenter og Eidet Omsorgsenter.
Stort engasjement av medlemmane i klubben.
Marthe Fjørtoft frå Haramsnytt var også tilstades i samband med ein reportasje om prosjektet.
22. januar 2024
Demensteamet i Haram
Ann Cathrin Nyhammer og Sølvi Barstad informerte oss om arbeidet sitt i Demensteamet i Haram. Vi fekke lære både om demenssjukdommen(e) og om korleis dei arbeider med desse pasientene. Interessant og nyttig lærdom av to engasjerte damer!