Stad skipstunnel
I samarbeid med Brattvåg Inner Wheel fekk vi besøk av Torben Tødenes frå Kystverket som fortalde om det store arbeidet med å få på plass denne viktige "snarvegen" forbi det vêrutsette Stadt med 70-80 stormar i året.
Det har vore mange "humper" i vegen for dette prosjektet, men ingen i salen uttrykte anna enn støtte til dette viktige prosjektet med tanke på ein tryggare kystfart!
9. oktober 2024
Kommunalsjef Lill-Therese H. Eidsvik
Kommunalsjef for barnehagar og skule, Lill-Therese Eidsvik, fortalde litt om seg sjølv og sin bakgrunn, men mest om det viktige arbeidet med å byggje opp eit godt og berekraftig kommunalområde for barnehage og skule. Eit interessant og givande foredrag!
28. mai 2024
Kommunalsjef Kristin Fjeld-Eiken
Med ansvar for kommunalområde Plan Eigedom Landbruk Teknisk skal Kommunalsjef i Haram, Kristin Fjeld-Eiken saman med staben sin levere eit vidt spekter av lovpålagte tenester.
Vi møtte ein engasjert og kreativ kommunalsjef vi gler oss å følgje vidare.
11. april 2024
Støttekonsert for Ukraina
Saman med andre klubbar i området var Brattvåg Rotaryklubb med på å arrangere ein støttekonsert med eit kor frå Ukraina.
Ei fullsatt kyrkje fekk ei stor kulturell oppleving, der krigssituasjonen i Ukraina samtidig kom nært innpå oss som var til stades.
2. april 2024
Brattvåg svømmeklubb - ein ny giv
Brattvåg svømmeklubb har det siste året fått ein ny giv med mange nye medlemmer og stor aktivitet.
Representantar frå styret og dei aktive fortalde om klubben og dei ulike aktivitetane dei har, t.d. svømmeopplæring, konkurransesvømming og familiebading.
19. mars 2024
Inner Wheel v/Erna Johnsen
Erna Johnsen, president i InnerWheel Brattvåg, orienterte om klubben, distriktet og internasjonalt. Jobber med kvinnerelaterte saker lokalt og internasjonalt. Historie og utvikling gjennom 100 år.
6. mars 2024
"Før jeg forsvinner" ved Ingebrigt Steen Jensen
Møtet var flytta til Ingebrigt Davikhuset for å høyre på Ingebrikt S. Jensen fortelje om demenssjukdommen sin. Gjennom bruk av både skjemt og alvor tok han oss med på ei rørande og alvorleg sjukdomshistorie til ettertanke for eit lydhørt publikum.
1. mars 2024
Årsfest i Brattvåg Rotaryklubb
Årsfesten gjekk føre seg på Brattvåg Fjordhotell med heile 52 gjestar. Trerettars middag med god underhaldning skapte god stemning ved bordet.
Jorun U. Fjørtoft og Bjørn Sandnes vart tildelt Paul Harris medalje og Roar Sperre vart tatt opp som ny medlem
13. februar 2024
Bedriftsbesøk på Nogva
I kveld var vi på omvisning hos Nogva Motorfabrikk i Søvik. Kjell Norvoll tok oss med på ei reise frå oppstart i 1913 og fram til i dag. Nogva er ei fantastisk bedrift med ei imponerande utvikling. Tusen takk for at vi fekk komme!
30. januar 2024
Dugnad - ferdigmontering av bileta til omsorgssentra
Møtet vart via til ferdigstilling av bilder som skal hengast opp på Haram Omsorgsenter og Eidet Omsorgsenter.
Stort engasjement av medlemmane i klubben.
Marthe Fjørtoft frå Haramsnytt var også tilstades i samband med ein reportasje om prosjektet.
22. januar 2024
Demensteamet i Haram
Ann Cathrin Nyhammer og Sølvi Barstad informerte oss om arbeidet sitt i Demensteamet i Haram. Vi fekke lære både om demenssjukdommen(e) og om korleis dei arbeider med desse pasientene. Interessant og nyttig lærdom av to engasjerte damer!