Brattvåg IL sitt nye klubbhus

Brattvåg IL sitt nye klubbhus var gjenstand for kveldens møte. Leiar i byggjemenda, vår eigen Arne Vågnes, tok imot oss oppe i dei fine selskapslokala. Han presenterte byggjeprosjektet og byggjeprosessen for oss før vi fekk sjå dei flotte areala.

Brattvåg IL har fått eit staseleg bygg som vil tjene klubben i mange år framover. I underetasjen ligg dei fire garderobene med dusjrom og eigne toalett. I tillegg finn vi romslege dommargarderobar, eit førstehjelps-/dopingrom, styrkerom, vaskerom, lager og ein romsleg kiosk. I andre høgda finn vi ei rikhaldig kontorfløy med eigen spelarlounge, stort selskapsareal med eit godt utstyrt kjøken, toaletter, lager og heis. Selskapslokalet kan ta i mot ca 100 gjester, men kan enkelt delast opp for mindre grupper. Klubbhuset er sjølvsagt bygt etter prinsippa om universell utforming.

Som seg hør og bør vart det servert marsipankake og kaffi til dei frammøtte.

Det høyrer også med i denne samanhengen at i juni skal Brattvåg Rotaryklubb feire sitt 60-årsjubileum i desse fine lokala!



 
"Mama Clara Norge" v/ Erna Rogne

4. mars 2025

"Mama Clara Norge" v/ Erna Rogne

I kveld fekk vi besøk av Brattvågaren Erna Rogne som i 2009 starta opp organisasjonen Mama Clara Norge for å hjelpe barn i Peru.
Det har blitt 18 turar til Peru. Med sin ståpåvilje har har Erna m/hjelparar bidratt til å endre skjebnen til mange barn.

Asylmottak i Hamnsundet

19. februar 2025

Asylmottak i Hamnsundet

Siv Kathrin Ulla Hagala er leiar ved det nyoppstarta asylmottaket i Hamnsundet. Ho fortalde om oppstarten og drifta av mottaket som er for ungdom mellom 15 og 18 år. Pr i dag huser mottaket 24 unge jenter og gutar frå ulike land, flest frå Ukraina.

Bilder til Haram kvileheim, Longva

12. februar 2025

Bilder til Haram kvileheim, Longva

Denne kvelden fekk vi montert dei 15 bileta som skal til Haram Kvileheim på Longva. Alle bileta har motiv frå øyane, og det er lokale fotografar som har donert dei til dette prosjektet.

Kva skjer på Ingebrigt Davikhuset?

22. januar 2025

Kva skjer på Ingebrigt Davikhuset?

Kjetil Heggdal, dagleg leiar på ID-huset, fortalde om drifta av føretaket og presenterte programmet for det komande halvåret.
2024 ble eit godt år med godt besøk og gode billettinntekter. Også i 2025 kan publikum gle seg til eit allsidig og godt program.

Bedriftsbesøk ved Valaker Bakeri & Konditori

27. november 2024

Bedriftsbesøk ved Valaker Bakeri & Konditori

Bedrifta ble oppstarta av Gyda og Marvin Valaker i Søvik i 1957. Vi ble tatt godt i mot av dottera deira, Liv Valaker Røren og Johanne Alvestad som gav oss ein gjennomgang av bedrifta si utvikling.
Vi fekk også omvisning i produksjonslokala v/Alf Røren

Bærekraft og sirkuærøkonomi v/Jill Vatle

20. november 2024

Bærekraft og sirkuærøkonomi v/Jill Vatle

Jill Vatle arbeider til dagleg ved Kongsberg Maritime. Ho har utdanning innan Bærekraft og Sirkeløkonomi og gav oss ei god innføring, m.a. om FN sine 17 bærekraftsmål.
Ho orienterte også om Kongsberg Maritime sine satsingsområde i høve dette temaet.

Guvernørbesøk på Sula

11. november 2024

Guvernørbesøk på Sula

I år var 8 av medlemmane våre på Sula for å møte guvernøren vår, Lidun Hareide. I tillegg til Sula Rotaryklubb, var også Spjelkavik Rotaryklubb med på møtet.
Som vanleg nytta guvernøren høve til å motivere og engasjere klubbane til vidare innsats.

Bedriftsbesøk hos AAPW i Eidsvika

6. november 2024

Bedriftsbesøk hos AAPW i Eidsvika

Vi besøkte AAPW (Aalesund Protectiv Wear) i Eidsvika der vi ble godt motatt av dagleg leiar Peder Aakre og to av dei tilsette.
Firmaet leverer merkevarer (AAlesund oljeklede, Strakofa, Regatta, Blæst) og har eit stort varelager i Eidsvika med 6 tilsette.

Brattvåg IL sitt nye klubbhus

23. oktober 2024

Brattvåg IL sitt nye klubbhus

Brattvåg IL har i mange år planlagt nytt klubbhus No er det godt håp om å få realisert planane etter at private investorar har kome på bana. Leiar i byggjenemnda, Arne Vågnes, presenterte både dei nye teikningane og finansieringsplan.

Hjelp Rotary å utrydde polio nå!

22. oktober 2024

Hjelp Rotary å utrydde polio nå!

24. oktober er verdas poliodag.
Så lenge det er i polio i verda, er det fare for spreiing, og derfor held vi i Rotary fram med å utrydde polio. Til det treng vi di hjelp.
Klubbane på Nordre Sunnmøre vil markere dagen med å lyse opp Fjellstua i raudt.