Ole Nustad, CEO, tok i mot oss og presenterte denne framgangsrike bedrifta si utvikling dei siste åre. Gjennom ein framtidsretta og tydeleg strategiisk tankegang har Sperre Air Power imponerande nok installert utstyr på ca 25% av alle skip i verda.
2. april 2024
Brattvåg svømmeklubb har det siste året fått ein ny giv med mange nye medlemmer og stor aktivitet.
Representantar frå styret og dei aktive fortalde om klubben og dei ulike aktivitetane dei har, t.d. svømmeopplæring, konkurransesvømming og familiebading.
19. mars 2024
Erna Johnsen, president i InnerWheel Brattvåg, orienterte om klubben, distriktet og internasjonalt. Jobber med kvinnerelaterte saker lokalt og internasjonalt. Historie og utvikling gjennom 100 år.
6. mars 2024
Møtet var flytta til Ingebrigt Davikhuset for å høyre på Ingebrikt S. Jensen fortelje om demenssjukdommen sin. Gjennom bruk av både skjemt og alvor tok han oss med på ei rørande og alvorleg sjukdomshistorie til ettertanke for eit lydhørt publikum.
1. mars 2024
Årsfesten gjekk føre seg på Brattvåg Fjordhotell med heile 52 gjestar. Trerettars middag med god underhaldning skapte god stemning ved bordet.
Jorun U. Fjørtoft og Bjørn Sandnes vart tildelt Paul Harris medalje og Roar Sperre vart tatt opp som ny medlem
13. februar 2024
I kveld var vi på omvisning hos Nogva Motorfabrikk i Søvik. Kjell Norvoll tok oss med på ei reise frå oppstart i 1913 og fram til i dag. Nogva er ei fantastisk bedrift med ei imponerande utvikling. Tusen takk for at vi fekk komme!
30. januar 2024
Møtet vart via til ferdigstilling av bilder som skal hengast opp på Haram Omsorgsenter og Eidet Omsorgsenter.
Stort engasjement av medlemmane i klubben.
Marthe Fjørtoft frå Haramsnytt var også tilstades i samband med ein reportasje om prosjektet.
22. januar 2024
Ann Cathrin Nyhammer og Sølvi Barstad informerte oss om arbeidet sitt i Demensteamet i Haram. Vi fekke lære både om demenssjukdommen(e) og om korleis dei arbeider med desse pasientene. Interessant og nyttig lærdom av to engasjerte damer!
28. november 2023
Bedriftsbesøk i kveld hos ein av hjørnesteinsbedriftene våre i Brattvåg, Vard Brattvåg. Med avdelinger også i Søvika og Langstein er dei ein stor aktør i marknaden.
Vi ble kyndig losa gjennom kvelden av Arnt Inge Gjerde (bilde) og Øystein Solemsdal.
21. november 2023
I kveld hadde vi besøk av Ingrid Korsnes Hildre og Tove-Laila Bjerke som informerte oss om etableringen og fremdrift av Banken Ungdomsklubb i Brattvåg. Engasjert ungdom, voksne og frivillige gjør en kjempejobb for at dette skal bli bra. Følg dei på FB!
7. november 2023
Her vart vi godt tatt i mot av adm. dir. Arvid Sundli.
Han viste oss først ein video der Jostein Skjelten fortalde om den solide historikken.
Etterpå fekk vi presentert dagens drift og korleis bedrifta på imponerande vis har tilpassa seg dagens marknad