Bedriftsbesøk på Sperre Air Power
Ole Nustad, CEO, tok i mot oss og presenterte denne framgangsrike bedrifta si utvikling dei siste åre. Gjennom ein framtidsretta og tydeleg strategiisk tankegang har Sperre Air Power imponerande nok installert utstyr på ca 25% av alle skip i verda.
1. mars 2024
Årsfest i Brattvåg Rotaryklubb
Årsfesten gjekk føre seg på Brattvåg Fjordhotell med heile 52 gjestar. Trerettars middag med god underhaldning skapte god stemning ved bordet.
Jorun U. Fjørtoft og Bjørn Sandnes vart tildelt Paul Harris medalje og Roar Sperre vart tatt opp som ny medlem
13. februar 2024
Bedriftsbesøk på Nogva
I kveld var vi på omvisning hos Nogva Motorfabrikk i Søvik. Kjell Norvoll tok oss med på ei reise frå oppstart i 1913 og fram til i dag. Nogva er ei fantastisk bedrift med ei imponerande utvikling. Tusen takk for at vi fekk komme!
30. januar 2024
Dugnad - ferdigmontering av bileta til omsorgssentra
Møtet vart via til ferdigstilling av bilder som skal hengast opp på Haram Omsorgsenter og Eidet Omsorgsenter.
Stort engasjement av medlemmane i klubben.
Marthe Fjørtoft frå Haramsnytt var også tilstades i samband med ein reportasje om prosjektet.
22. januar 2024
Demensteamet i Haram
Ann Cathrin Nyhammer og Sølvi Barstad informerte oss om arbeidet sitt i Demensteamet i Haram. Vi fekke lære både om demenssjukdommen(e) og om korleis dei arbeider med desse pasientene. Interessant og nyttig lærdom av to engasjerte damer!