Bedriftsbesøk på Haram Industrier

Haram Industrier AS er ei Vekst-bedrift i skjerma sektor. Det betyr at ein sysselsett personar som for kortare eller lengre tid har behov for en tilrettelagt arbeidsplass. Bedrifta har tett samarbeid med Nav Haram og næringslivet elles i distriktet vårt.

Vi vart godt tatt i mot av dagleg leiar Terje Aulstad og nestleiar og fagleg leiar Reidun Balstad Stavne.

Haram Industrier AS er eigd av Haram Kommune og har i alt knapt 50 sysselsette. Av desse er det 25 VTA plassar (varig tilrettelagt arbeid). Bedrifta er godkjent opplæringsbedrift og har mekanisk verkstad, snikkarverkstad, montering/pakkeavdeling, bruktbutikk og utegruppeavdeling som driv med beskjæring, plenklipping m.m. I tillegg har dei eit arbeids- og aktivitetssenter.

Den viktigaste oppgåva er å bidra til å utvikle menneske og byggje sjølvtillit til kvar einskild, gje dei ein meiningsfull kvardag, avklare arbeidsevna og/eller gje hjelp til å komme i gang i yrkeslivet.

Vi takkar for eit interessant møte med dedikerte og dyktige leiarar som med stort engasjement og kompetanse har bidratt til ein trygg og viktig arbeidsplass for så mange.


 


 
Årsfest i Brattvåg Rotaryklubb

1. mars 2024

Årsfest i Brattvåg Rotaryklubb

Årsfesten gjekk føre seg på Brattvåg Fjordhotell med heile 52 gjestar. Trerettars middag med god underhaldning skapte god stemning ved bordet.
Jorun U. Fjørtoft og Bjørn Sandnes vart tildelt Paul Harris medalje og Roar Sperre vart tatt opp som ny medlem

Bedriftsbesøk på Nogva

13. februar 2024

Bedriftsbesøk på Nogva

I kveld var vi på omvisning hos Nogva Motorfabrikk i Søvik. Kjell Norvoll tok oss med på ei reise frå oppstart i 1913 og fram til i dag. Nogva er ei fantastisk bedrift med ei imponerande utvikling. Tusen takk for at vi fekk komme!

Dugnad - ferdigmontering av bileta til omsorgssentra

30. januar 2024

Dugnad - ferdigmontering av bileta til omsorgssentra

Møtet vart via til ferdigstilling av bilder som skal hengast opp på Haram Omsorgsenter og Eidet Omsorgsenter.
Stort engasjement av medlemmane i klubben.
Marthe Fjørtoft frå Haramsnytt var også tilstades i samband med ein reportasje om prosjektet.

Demensteamet i Haram

22. januar 2024

Demensteamet i Haram

Ann Cathrin Nyhammer og Sølvi Barstad informerte oss om arbeidet sitt i Demensteamet i Haram. Vi fekke lære både om demenssjukdommen(e) og om korleis dei arbeider med desse pasientene. Interessant og nyttig lærdom av to engasjerte damer!