Velkommen til våre nettsider - Følg oss gjerne på våre Facebooksider også!
Klikk her
23. juni 2026
Brattvåg Rotaryklubb 60 år
Den 23. juni 1966 ble Brattvåg Rotaryklubb chartret. Jubiléet ble behørig markert fredag 19. juni i LAPAShuset, det nye, flotte klubbhuset til Brattvåg IL. 60 gjester var til stades då presidenten vår, Ewa Hildre, ønskte alle velkomen til bords.
9. juni 2026
Notkast i Vadsetosen
Årets notkast gjekk føre seg på tradisjonelt vis med lunt forsommarvêr og godt frammøte. Fangsten vart imidlertid av den beskjedne sorten og trass i eit kast kvelden før, måtte fiskemåltidet styrkast med grillpølser.
Likevel god stemning - som vanleg!
26. mai 2026
ALTI i Haram
Butikksenterkjeden ALTI har etablert seg i Haram, nærare bestemt i det som har vore kjent som Brattvågsenteret. Senterleiar Susanne Lunde Petersen besøkte klubben og informerte om ALTI nasjonalt og spesielt om ALTI i Haram.
5. mai 2026
Brattvåg IL sitt nye klubbhus
Brattvåg IL sitt nye klubbhus var gjenstand for kveldens møte. Leiar i byggjenemnda, vår eigen Arne Vågnes, tok imot oss oppe i dei fine selskapslokala. Han presenterte byggjeprosjektet og byggjeprosessen for oss før vi fekk sjå dei flotte areala.
21. april 2026
Pensjonistfest på Hautunet
Årets pensjonistfest gjekk av stabelen i klubblokala på Haunet. Ca 900 gjester fylte salen til randen. Det var god stemning med allsong, dikt og forteljingar frå Jostein Kvithaug, lokale betraktningar frå Elsa Farstad og ikkje minst eit bugnande kakebord.
14. april 2026
Stad skipstunnel
I samarbeid med Brattvåg Inner Wheel fekk vi besøk av Torben Tødenes frå Kystverket som fortalde om det store arbeidet med å få på plass denne viktige "snarvegen" forbi det vêrutsette Stadt med 70-80 stormar i året.
17. mars 2026
Når livet snur - kva gjer vi då?
Brattvåg Rotaryklubb inviterte til ope møte med temaet "Når livet snur - kva gjer vi då?". Norun Sønderland Nustad fortalde om si reise i samband med ein alvorleg kreftsjukdom medan Tanja Alme fortalde om arbeidet sitt som kreftkoordinator i Sula kommune.
10. mars 2026
Bedriftsbesøk på Haram Industrier
Haram Industrier AS er ei Vekst-bedrift i skjerma sektor. Det betyr at ein sysselsett personar som for kortare eller lengre tid har behov for en tilrettelagt arbeidsplass. Bedrifta har tett samarbeid med Nav Haram og næringslivet elles i distriktet vårt.
5. februar 2026
Diskgolf i Brattvåg
Diskgolf er eit nytt prosjekt for å auke breidda i Brattvåg IL. Leiar Øyvind Lervåg informerte om ei bane med 12 hull som kan utvidast seinare og vil ligge i terrenget ved dagens idrettsanlegg. Anlegget er planlagt finansiert med dugnadar og støtte/gåver.
