Stad skipstunnel
I samarbeid med Brattvåg Inner Wheel fekk vi besøk av Torben Tødenes frå Kystverket som fortalde om det store arbeidet med å få på plass denne viktige "snarvegen" forbi det vêrutsette Stadt med 70-80 stormar i året.
Det har vore mange "humper" i vegen for dette prosjektet, men ingen i salen uttrykte anna enn støtte til dette viktige prosjektet med tanke på ein tryggare kystfart!
21. oktober 2025
Guvernørbesøk i Spjelkavik Panorama
V hari hatt felles Guvernørbesøk med klubbane i Spjelkavik og Sula på Spjelkavik Panorama. Distriktsguvernør Morten Moe orienterte om Rotary sine satsingsområde og om mulegheitene organisadjonen har.
Takk til Spjelkavik Rotaryklubb for godt vertskap!
14. oktober 2025
På besøk hos vaksenopplæringa
Det var ein stolt Nils Edmund Stråmyr, tenesteleiar for integrering i Haram, som tok i mot oss i dei nyoppussa og flotte lokala til vaksenopplæringa. Dei held no til i dei gamle banklokala, som også i mange år var brukt av kommuneadministrasjonen.
30. september 2025
Svindelforebygging på nettet
På dette møtet var temaet Svindelforebygging med Lillian Kleven Brevik fra Sparebank1. Hun gikk gjennom de vanligste "fellene" og hva vi skulle gjøre dersom vi ble svindlet. Viktig kunnskap, selv om vi får håpe vi aldri får bruk for den!
21. mai 2025
Heime hos Torstein; Eit kunstnarliv
Torstein tok raust i mot oss inne i kunstnarstova si. Med billedkunsten hans på alle veggar og krokar, bokstaveleg talt, fortalde han om seg sjølv og målarkunsten sin frå den spede starten allereie i barndommen og fram til i dag.
14. mai 2025
"Arvids historie"
Arvid Sundli, eit av våre nyaste medlemmar, presenterte si historie frå oppveksten på Kvithaugen, Brattvåg via tidleg jobberfaring, fagbrev og sivilingeniørstudier i Trondheim og ein imponerande jobb-CV til han i dag sit som dagleg leiar i Bra Elektro.
7. mai 2025
Bedriftsbesøk på Sperre Air Power
Ole Nustad, CEO, tok i mot oss og presenterte denne framgangsrike bedrifta si utvikling dei siste åra. Gjennom ein tydeleg og framtidsretta strategisk tankegang har Sperre Air Power imponerande nok installert utstyr på ca 25% av alle skip i verda.
26. april 2025
Brattvågklubben på historisk grunn
Vi tok turen til Brandal og Hjørungavåg for å lære meir om ulike delar av vår felles historie. Besøka på hhv. Ishavsmuséet og Vikinghuset gav oss god innsikt både i fangstliv i Arktis og vikingekultur på Sunnmøre og ikkje minst; på fantastisk dugnadsånd.
9. april 2025
Pensjonistfesten på Kulturkaféen
Det ble ei triveleg stund for dei 84 pensjonistane som fann vegen til Kulturkaféen denne kvelden. Reidun og Tore slo an tonen i starten med lett gjenkjennelege melodiar for gjestane. Så gjekk det slag i slag med bevertning, loddsal og anna underhaldning.
26. mars 2025
Sport1 Brattvåg v/Per A. Johansen
Sport 1 Brattvåg starta opp for 23 år sidan og vart spådd ei dyster framtid. Ein har heldigvis gjort desse spådommene til skamme og har overlevd godt desse åra.
Per Arne tok spesielt føre seg el-sykkelen og utviklinga på det feltet den seinare tida.
19. mars 2025
Løvemammaene og Robotek
Vi møttest på Bygdestova på Vatneeidet der Lions Club Haram inviterte til eit todelt møte, først med Løvemammaene, ein organisasjon for barn og unge med ulike funksjonsvanskar, deretter med Robotek, som m.a. utvikler hjelpemidler for rulestolbrukarar.