Brattvågklubben på historisk grunn

Vi tok turen til Brandal og Hjørungavåg for å lære meir om ulike delar av vår felles historie. Besøka på hhv. Ishavsmuséet og Vikinghuset gav oss god innsikt både i fangstliv i Arktis og vikingekultur på Sunnmøre og ikkje minst; på fantastisk dugnadsånd.

Takk til Lars Sellereite som tok i mot oss i Brandal og som fortalde om fangstskutene som kvar vår gjekk frå Brandal til Ishavet og kom heim att med skuta full av fangst. Vi fekk gå ombord i ei av desse skutene, Aarvak, og bli orientert om det tøffe livet på desse turane.

Vi fekk også kome inn på muséet som i fire etasjar var fyllt med gjenstandar, minne og historier frå denne viktige næringa. Etterpå fekk vi lunsj med bacalao og selgryte på menyen - sjølvsagt. 

Takk også til Ole Frank Bakken som tok i mot oss ved Vikinghuset i Hjørungavåg og som fortalde oss om prosjektet med bygginga av dette huset, frå tanken vart sådd til det no står nærast ferdig. Så langt mogleg, er det nytta 1000 år gamle byggeteknikkar på dette praktbygget. Det skal opnast i slutten av mai. Ei imponerande historie om ståpå-vilje og dugnadsinnsats frå bygdefolket!


 
"Arvids historie"

14. mai 2025

"Arvids historie"

Arvid Sundli, eit av våre nyaste medlemmar, presenterte si historie frå oppveksten på Kvithaugen, Brattvåg via tidleg jobberfaring, fagbrev og sivilingeniørstudier i Trondheim og ein imponerande jobb-CV til han i dag sit som dagleg leiar i Bra Elektro.

Sport1 Brattvåg v/Per A. Johansen

26. mars 2025

Sport1 Brattvåg v/Per A. Johansen

Sport 1 Brattvåg starta opp for 23 år sidan og vart spådd ei dyster framtid. Ein har heldigvis gjort desse spådommene til skamme og har overlevd godt desse åra.
Per Arne tok spesielt føre seg el-sykkelen og utviklinga på det feltet den seinare tida.

Løvemammaene og Robotek

19. mars 2025

Løvemammaene og Robotek

Vi møttest på Bygdestova på Vatneeidet der Lions Club Haram inviterte til eit todelt møte, først med Løvemammaene, ein organisasjon for barn og unge med ulike funksjonsvanskar, deretter med Robotek, som m.a. utvikler hjelpemidler for rulestolbrukarar.

"Mama Clara Norge" v/ Erna Rogne

4. mars 2025

"Mama Clara Norge" v/ Erna Rogne

I kveld fekk vi besøk av Brattvågaren Erna Rogne som i 2009 starta opp organisasjonen Mama Clara Norge for å hjelpe barn i Peru.
Det har blitt 18 turar til Peru. Med sin ståpåvilje har har Erna m/hjelparar bidratt til å endre skjebnen til mange barn.

Asylmottak i Hamnsundet

19. februar 2025

Asylmottak i Hamnsundet

Siv Kathrin Ulla Hagala er leiar ved det nyoppstarta asylmottaket i Hamnsundet. Ho fortalde om oppstarten og drifta av mottaket som er for ungdom mellom 15 og 18 år. Pr i dag huser mottaket 24 unge jenter og gutar frå ulike land, flest frå Ukraina.

Bilder til Haram kvileheim, Longva

12. februar 2025

Bilder til Haram kvileheim, Longva

Denne kvelden fekk vi montert dei 15 bileta som skal til Haram Kvileheim på Longva. Alle bileta har motiv frå øyane, og det er lokale fotografar som har donert dei til dette prosjektet.

Kva skjer på Ingebrigt Davikhuset?

22. januar 2025

Kva skjer på Ingebrigt Davikhuset?

Kjetil Heggdal, dagleg leiar på ID-huset, fortalde om drifta av føretaket og presenterte programmet for det komande halvåret.
2024 ble eit godt år med godt besøk og gode billettinntekter. Også i 2025 kan publikum gle seg til eit allsidig og godt program.

Bedriftsbesøk ved Valaker Bakeri & Konditori

27. november 2024

Bedriftsbesøk ved Valaker Bakeri & Konditori

Bedrifta ble oppstarta av Gyda og Marvin Valaker i Søvik i 1957. Vi ble tatt godt i mot av dottera deira, Liv Valaker Røren og Johanne Alvestad som gav oss ein gjennomgang av bedrifta si utvikling.
Vi fekk også omvisning i produksjonslokala v/Alf Røren

Bærekraft og sirkuærøkonomi v/Jill Vatle

20. november 2024

Bærekraft og sirkuærøkonomi v/Jill Vatle

Jill Vatle arbeider til dagleg ved Kongsberg Maritime. Ho har utdanning innan Bærekraft og Sirkeløkonomi og gav oss ei god innføring, m.a. om FN sine 17 bærekraftsmål.
Ho orienterte også om Kongsberg Maritime sine satsingsområde i høve dette temaet.

Guvernørbesøk på Sula

11. november 2024

Guvernørbesøk på Sula

I år var 8 av medlemmane våre på Sula for å møte guvernøren vår, Lidun Hareide. I tillegg til Sula Rotaryklubb, var også Spjelkavik Rotaryklubb med på møtet.
Som vanleg nytta guvernøren høve til å motivere og engasjere klubbane til vidare innsats.