14. mai 2025
Arvid Sundli, eit av våre nyaste medlemmar, presenterte si historie frå oppveksten på Kvithaugen, Brattvåg via tidleg jobberfaring, fagbrev og sivilingeniørstudier i Trondheim og ein imponerande jobb-CV til han i dag sit som dagleg leiar i Bra Elektro.
7. mai 2025
Ole Nustad, CEO, tok i mot oss og presenterte denne framgangsrike bedrifta si utvikling dei siste åra. Gjennom ein tydeleg og framtidsretta strategisk tankegang har Sperre Air Power imponerande nok installert utstyr på ca 25% av alle skip i verda.
26. april 2025
Vi tok turen til Brandal og Hjørungavåg for å lære meir om ulike delar av vår felles historie. Besøka på hhv. Ishavsmuséet og Vikinghuset gav oss god innsikt både i fangstliv i Arktis og vikingekultur på Sunnmøre og ikkje minst; på fantastisk dugnadsånd.
9. april 2025
Det ble ei triveleg stund for dei 84 pensjonistane som fann vegen til Kulturkaféen denne kvelden. Reidun og Tore slo an tonen i starten med lett gjenkjennelege melodiar for gjestane. Så gjekk det slag i slag med bevertning, loddsal og anna underhaldning.
26. mars 2025
Sport 1 Brattvåg starta opp for 23 år sidan og vart spådd ei dyster framtid. Ein har heldigvis gjort desse spådommene til skamme og har overlevd godt desse åra.
Per Arne tok spesielt føre seg el-sykkelen og utviklinga på det feltet den seinare tida.
19. mars 2025
Vi møttest på Bygdestova på Vatneeidet der Lions Club Haram inviterte til eit todelt møte, først med Løvemammaene, ein organisasjon for barn og unge med ulike funksjonsvanskar, deretter med Robotek, som m.a. utvikler hjelpemidler for rulestolbrukarar.
4. mars 2025
I kveld fekk vi besøk av Brattvågaren Erna Rogne som i 2009 starta opp organisasjonen Mama Clara Norge for å hjelpe barn i Peru.
Det har blitt 18 turar til Peru. Med sin ståpåvilje har har Erna m/hjelparar bidratt til å endre skjebnen til mange barn.
19. februar 2025
Siv Kathrin Ulla Hagala er leiar ved det nyoppstarta asylmottaket i Hamnsundet. Ho fortalde om oppstarten og drifta av mottaket som er for ungdom mellom 15 og 18 år. Pr i dag huser mottaket 24 unge jenter og gutar frå ulike land, flest frå Ukraina.
12. februar 2025
Denne kvelden fekk vi montert dei 15 bileta som skal til Haram Kvileheim på Longva. Alle bileta har motiv frå øyane, og det er lokale fotografar som har donert dei til dette prosjektet.